Øvingsoppgåver

 

  1. Du tener kr 160 per time. På eit år blir du betalt for 1732,5 arbeidstimar. Det er
    mogeleg å fakturere ut 1500 arbeidstimar av din innsats. Resten av tida går med
    til sjukefråvære, små permisjonar med løn, rydding på eiga tomt, vedlikehald av
    maskinar, venting på oppdrag, osv. Totale sosiale utgifter er 47,50 %. Bedrifta reknar normalt med eit påslag på 15 % for å dekkje administrative kostnader. I tillegg ønskjer bedrifta 7 % i forteneste.
    a) Når du gjer eit oppdrag for bedrifta, kva må ho fakturere arbeidet ditt med per
    time for å dekkje alle desse postane?
    b) I lønsoppgjeret dette året får du eit tillegg på kr 6 per time. Tal på arbeidstimar i året og medrekna fakturerte timar per år er det same. Sosiale utgifter er no 47,45 %. Kva må firmaet ta per time for arbeidsinnsatsen din for å få dekt alle postane?
    c) Det viser seg etter ei tid at firmaet har vore for optimistisk når det gjeld medrekna fakturerte timar i året. Det må difor kalkulerast på nytt. Vi går ut frå at løna med tillegg og arbeidstimar i året er som før. Men medrekna fakturerte timar er redusert til 1400 timar. Sosiale utgifter er framleis 47,45 %. Administrasjonskostnader og forteneste er det same som før. Kva må firmaet no ta betalt for arbeidstimane dine for utleige?
    
  2. Ein maskinførar får utbetalt løn på kr 152 per time. Talet på lønstimar er 1702,5, talet på fakturerte timar er 1550, medan sosiale utgifter er 47,12 %, og administrasjonskostnaden er 12 % og fortenesta 8 %.
    a) Kor mykje må bedrifta ta for å dekkje lønskostnader inklusive forteneste dersom
    maskinføraren skal leigast ut?
    b) Kva blir totale lønskostnader for denne maskinføraren per år, inklusive fortenesta
    til bedrifta?