HMS og bransjelære

Læremiddelet er delt i tre seksjonar og byggjer i stor grad på tilsvarande læremiddel som blir nytta til opplæring av verneombod og medlemer av arbeidsmiljøutval i byggjenæringa. Den fyrste delen er ein teori- og oppgåvedel kor bl.a. eit ni timars innføringskurs i HMS  på skulen er beskrive. I del to og tre er det lagt opp til praktisk utprøving av HMS-arbeid med skulen som læringsarena. Med HMS-handbok for eleven kan elevane, på ein realistisk måte, prøve ut korleis ein byggjer opp og bruker ein HMS-perm på ein bygg- og anleggsplass. Med hjelp av Tryggingshandbok for eleven kan eleven i samarbeid med lærar gjennomføre dokumentert tryggleiksopplæring på det mest aktuelle arbeidsutstyret, før utplassering eller læretid.