Bedriftslære og bedriftsøkonomi

Alle vanlege bedrifter har eitt hovudmål til felles: å skape økonomisk overskot. Om ikkje bedrifta skaper overskot, går ho med meir eller mindre tap, og før eller seinare bukkar ho under og går konkurs. Å skape overskot/verdi blir difor alltid eit overordna mål, same kva bedrifta driv med.