8. Kantar og murar

I vårt kuperte land ville det vore vanskeleg å byggje hagar og vegar utan å bruke kantar og murar. Mange stader kan vi leggje skråningar som tek opp høgdeskilnadene, men på enkelte område er det umogeleg utan å bruke støttemurar.
Kantar og murar har som hovudfunksjon å stå mot massetrykket frå lausmassane bakom. God styrke, lang levetid og solid fundamentering er viktige faktorar.