Idrettsanlegg, Drift og vedlikehald

Dette er ei oppdatert bok om oppgåvene til driftsoperatøren i forhold til idrettsanlegg og utstyr.
Boka har fokus på den grunnleggjande fagteorien for elevar som tek Vg2 Anleggsgartnar- og idrettsanleggsfag. Ut frå utviklinga i faget og behovet for oppdatert fagkunnskap er det gode grunnar for å sjå dette verket som ein godt eigna oppslagsbok for driftsansvarlege i kommunar, lærebedrifter, foreiningar og idrettslag. Læreboka er også eit viktig supplement til brevkurset for dei som vel å ta fagbrev etter mange års praksis på idrettsanlegg.