Yrkeslære

Læremiddelet tek læreplanen i felles programfag produksjon på alvor. Alle dei 18 yrka innanfor bygg- og anleggsteknikk blir presenterte innanfor sine fem programområde: Anleggsteknikk, Byggteknikk, Klima-, energi- og miljøteknikk, Overflateteknikk og Treteknikk. I tillegg blir dei fire særløpsfaga presenterte kort på slutten av boka. Kompetansemåla innanfor produksjon blir dekt dels i felleskapittel og  i samanheng med presentasjon av yrka knytte til dei spesielle verktøya, materiala, arbeidsoppgåvene og HMT.

Her på "Bokas nettressurs" finn du ein del lærestoff og lenkjer som er berekna på fordjuping innanfor dei einskilde faga. Her er innhaldet delt inn etter same prinsipp som i boka, dvs. under programområde og i tilknyting til yrka.

For å navigere i nettressursen blir menyen i venstre kolonne brukt. Dersom du vil til boka si fyrsteside igjen, klikkar du på banneret med tittelen.