Praktisk tømrerarbeid

I denne boka viser byggmeister Frank Berg med dei instruktive teikningane og kortfatta, enkle tekstane sine korleis ein einebustad kan byggjast. Alt er basert på praktiske eksempel der tilhøyrande teori er enkelt forklart i tilknyting til illustrasjonar.  Boka blir brukt til prosjekt til fordjuping i tømrarfaget både på Vg1 og Vg2. Mange opplæringskontor har valt å dele ho ut til lærlingane som ein ekstra stønad i det praktiske læringsarbeidet.